onsdag 6. oktober 2010

KVINNEN I KJØLESKAPET av Gunnar Staalesen


Gunnar Staalesen blei født i 1947. Han tok utdanninga si ved Universitetet i Bergen og er utdanna som cand. Philol. Cand. Philol. er ein akademisk grad i historisk-filosofiske fag. Etter 1987 jobba han som forfattar på heiltid. Gunnar Staalesen er ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg. Dei bøkene han er mest kjent for er kriminalromanane om Varg Veum. Det er til saman 17 bøker om privatdetektiven Varg Veum. Bøkene er oversatt til fleire Europeiske språk. Staalesen har vunne ein rekke norske og nordiske priser for sine kriminalromanar, blant anna Rivertonprisen i 1975. I detta referatet skal eg skriva eit referat frå den fjerde boken til Staalesen, Kvinnen i kjøleskapet. Boka er på 186 sider.

Kvinnen i kjøleskapet er den fjerde boken i ein rekke av bøkene om Varg Veum. Veum er kåra til den mest populære helten i Noregs kriminallitteratur. Veum sitt oppdrag i denne boka er å finne ut kvar det er blitt av Arne Samuelsen. Samuelsen er ein av dei beste ingeniørane oljebransjen har. Arne jobbar ofte ute i Nordsjøen på ein plattform, men då han er heime bor han i ein leilegheit som er på Våland. Når Samuelsen er heime frå plattforma pleier han alltid å sende ein helsing til sin mor i Bergen. Det er lenge sia mora har fått helsing frå Arne, og kontaktar politiet. Veum blir satt på sak. Han reiser til Stavanger for å høyre med naboar og andre som har kjensel til Arne Samuelsen, om dei har høyrt noko frå han. Det er ingen som veit kvar han er, men ho som eigar leilegheita hørte det var mykje bråk til langt ut på natta for noka dagar sida. Han kommer seg inn i leilegheita, der er alt i sin kjønneste orden. Arne var kjent som ein mann som hadde kontroll på tinga sine. Men Varg følte det var noko uro i lufta. Han går rundt i leilegheita å fangar opp litt informasjon. Då han opnar kjøleskapet blir han helt forskrekka og smeller igjen. Der ligg det ei død kvinne som ikkje har armar, bein eller hovud. Veum prøver febrilsk å finne ut kven denne kvinna er. Han lukker igjen kjøleskapet og går ut av leilegheita, kjører til politistasjonen for å melda mordet. Men då politiet kommer til leilegheita er alt i sin kjønneste orden igjen. Varg skjønner ingenting og må finne ut av detta. Han reiser rundt på jobben til Arne og snakkar med kollegaer, men finner ikkje ut så veldig mykje. Heilt til han treffer ein person som kjente Arne veldig godt, han het Kjetil. Han forteljar det han veit om Samuelsen. Veum fikk mykje informasjon av Kjetil, og begynner å forstå kva som har skjedd. Då dei andre detektivane finn ut kva som eigentleg har skjedd. Da forstår Veum alt som var uklart. Spørsmålet no er kven drepa Arne Samuelsen?


Varg Veum er ein privatdetektiv, og er hovudpersonen i kriminalromanane til Gunnar Staalesen. Veum vart født i Sunnfjord under krigen. Han har vert gift, men er no skilt. Han har ein son som er vaksen, som han fekk med den tidlegare kona hans. Han er ein rolig og fornuftig person som tar nesten alt med ro, og han har beina godt planta på jorda. Detta legg du merke til når han finn den døde kvinna i leilegheita til Arne Samuelsen, og ikkje minst da han skal vise kvar han fant liket til politiet da det ikkje er der. Slik fekk eg inntrykk av Varg Veum.

Eg synast at denne romanen var ei kjekk bok å lesa. Den var ikkje for lang, og språket passa godt for mine lesekunnskapar. Eg har ikkje noko tankar om boka, den var ganske konkret synast eg. Denne boka vil eg anbefale for folk som likar krim. Den var spennandes og interessant. Mykje spenning heile tida. Det er eit genialt plot, og det er ein overraskande slutt.

1 kommentar:

  1. Bra innlegg dette her. Du gir ett intrykk av boka uten å avsløre noen ting.

    SvarSlett